Tilbake til alle arrangementer

DJØNNE&BØRSHEIM

DJØNNE&BØRSHEIM OG RUTH LILLEGRAVEN

Djønne&Børsheim
DATO 7. mai
BILLETTPRIS 550 kr (+ avg) for billett og jubileums LP
400 kr (+ avg) for kun billett
TIDER Dørene åpner 18:00, konsertstart 19:30
KJØP BILLETTER

Ein litterær konsert med Ruth Lillegraven og duoen Djønne&Børsheim

SPOR tek utgangspunkt i Ruth Lillegraven sine dikt og tekstar, til musikk av og med folkemusikarane Rannveig Djønne på toradar og Annlaug Børsheim på gitar, hardingfeler og vokal. Desse tre hardingane følgjer ulike musikalske og litterære spor i denne konserten, og det er liten tvil om kvar dei kjem i frå.

Duoen Djønne&Børsheim har i fleire år samarbeida med Ruth Lillegraven og tonesatt tekstar av henne. Dei laga musikkteateret HUSMANN i 2019, ei framsyning basert på husmannslivet i Hardanger der dei hadde med seg skodespelararne Kjærsti Odden Skjeldal og Morten Svartveit med tekst av Lillegraven og musikk komponert av duoen. I 2023 kom plata «Skyer av Perlemor» som i hovudsak inneheld tekstar av Ruth Lillegraven henta frå bøkene hennar «Urd» og «Sigd», tonesatt av duoen Djønne&Børsheim.

SPOR var ei bestilling til festivalen Langs Linjo på Voss i 2024 og det var fyrste gong dei tre damene stod på scena i lag. No gler dei seg til å få spele konserten på Josefines Visescene.

Henta frå platemelding i bladet Folkemusikk: På Skyer av Perlemor får songane skine klårt, Ruth Lillegraven sine ord levert gjennom tonar med ei trygg ro frå duoen. Legg merke til Lillegraven sine tekstar, legg merke til nyansane i spelet og songen til dei to.

Melding frå musikkteateret «Husmann»; Musikken er verkeleg i ein eigen divisjon. Annlaug Børsheim si kraftige, men inderlege røyst kan framkalla tårer hjå sjølv den mest hardhuda bonde. Saman med toradarspelet til Rannveig Djønne vart dette rein magi.-Stine Strand Carlsen, Avisa Hordaland. 

For 550 kr kan du kjøpe både billett og Josefine Visescene i 30 år - jubileums LPen vår!
LPen er en samling av håndplukka høydepunkter fra 30 år med 830 konserter! I tillegg følger det med en jubileumshefte, hvor Arvid Skancke-Knutsen, Jørn Simen Øverli og Kari Svendsen forteller og reflekterer om de siste 30 åra. Les mer om LPen og sangene
HER

Forrige
Forrige
30. april

JAN EGGUM

Neste
Neste
14. mai

KJERSTI KVELI OG HENNING SOMMERRO